2/18/2017

Drops kåpejakke 171/14

Enda "migesen" har ei bråte med strikkejakker, så mangla eg ei i grønfarge.   Brukte mønsteret til Drops, men ikkje garnet.  Fant Wendy Aran i mosegrøn hos Laughing Hen (altså Britisk ull)     Nøsta på 500 gram holdt ikkje til heile jakka.  Så måtte bestille meir garn.  Dei er ganske kjappe med å senda, og eg synes prisane er rimelege. Både på garn og forsendelse.   Kosta ca 150 kr i Norske pengar, det stora nøsta.  Ca 50 i forsendelse. 

 Par småting måtte eg pirka på denne gong og :   Auka ikkje fult så mykje i splittane.  Samt kutta ut slike riller som skulle gjere at det ikkje krølla seg samen.  Det fungerte fint uten dei - --var meir irriterande å sjå på enn funksjon dei hadde. 
 Jakka er strikka ovantil og nedover.  Ingen montering og mest ikkje trådar å festa, då nøsta var så stort.  Sjekk knappane!!!

 Då eg venta på meir garn, måtte eg sysle på med eit kvart.  Så då kom"elefant-ungen"- vottar (Jorid Lindvik ) av pinnane.  Og ei lita lue (passa til babyborndukka) vart hekla.  Fant mønster på Ravelry - søkte på Pokemon. 

1 kommentar:

  1. Knallfin Jakke du har strikka, veldig fin fasong! Og kjekke små arbeid, du er så rask. Her har det gått sakte i det siste, ikkje rette handarbeidsånda...

    SvarSlett