4/03/2017

Hilde-kofta

På Mammutsalget, kjøpte eg Dale Garn si bok.  Mykje fin historie og gamle mønstrar til kvar ein smak.   Eg fekk lyst å strikka Hilde-kofta og valgte heilt andre fargar og garnkvalitet.   Strikka minste størrelse i Peer Gynt garn (ikkje frå Dale, men Sandnes😁  og pinnestr. 3,5 mm.  Trur denne kofta er nå i "medium"??     Passer meg, men er ikkje mi kofte.    Gøy at eg og hadde Peer Gynt tinnknappar. 


 Det er så flotte berg og fargar nede ved fjorden, at det er ein fryd å fotografera her.  Fekk selskap av denna stolte svaneungdommen.  Snart heilt kvit nå.  Dumt at eg ikkje tok med nokre skalkar. 


Frittvoksande påskeliljer.   Dei står etter eit gamalt bruk,  berre grunnsteinar att.  Gamal sort detta.

3 kommentarer:

  1. Kjempefin kofte du har strikka i friske farger. Det er kjekt når det stemmer med størrelse.
    Fine påskefarger i bildene du har tatt i naturen, ei herleg tid me går i møte.

    SvarSlett
  2. Det var ei flott kofte i nydelege fargar :)

    SvarSlett
  3. Så fin kofte Linda - denne boken kjøpte jeg også, fint mønster dette. Koselig blogg fra deg :)

    SvarSlett

Vest i bomull og " kutrekk"

Eg berre plundre videre med garn og strikkepinnar.   Og nokre av arbeida vart ikkje som tenkt!!  Når nokre barn klør av ull, som tenkte e...