5/28/2017

Byrja på eit" mesterstykke"

Føles i alle fall slik!!   Eg kjøpte den engelske strikkeboka TUDOR ROSES av Alice Starmore.  Denne har eg bladd i og drømt meg alldeles bort med  dei vakre plagga som er designa.  Henrik VIII sine Dronninger, nokre med kortare levetid enn andre koner generelt??.  De hugsar nok historia ?!!     Den 4. i rekka - Katherine Howard - har eg valgt meg ut.  Ikkje i dei fargane som er i boka, men som vil stå til eit grått strikkaskjørt eg har.  Google du på tittel og navn, kjem det opp monge fine foto frå boka og dei som har strikka i frå den. 
 Baksida (peplum), metta med "bobbins" for å halde garnendar på plass.   Eg starta rett før helga, 24.mai - trur eg blir rett.    Går slett ikkje fort.  Her må lesast nøye.  Strikkeutfordring "de luxe", inni mellom husarbeid/hagearbeid og turnusarbeid.  Har bestemt at detta skal eg ikkje haste med,  bare kose meg.    Ikkje godt å veta når neste blogg blir, med andre ord!
Bruker garnet Hjerte frå Hillesvåg (hifa)  I boka er det brukt tre blåfargar, eg går berre for to.  Grått og kvitt, får  halda. Nok styr med trådane som det er!!!! 
Me trives ute i hagen, både katten Mindy og meg.  Detta er den finaste tida på året - og tenk me har sommargrader! Heilt topp!

Cherrytomater, tar seg ut i drivhusest.  Ventar berre på blomar og tomatene skal kome.  Ei skive frå ei kjøpt tomat i butikken, er "mor" til to potter med store buskar. 

Tynn bomullsgenser med fletter

Kjøpte ein pakke we❤yarn, hos hobbii.no for rundt 100 kr ( 10 nøster lys mintgrøn) Strikka med pinne 2,5 mm.  Siste ferieveka mi, og sommar...