5/23/2017

Rillestrikka sommerjakke

Nei, eg kommer visst aldri utav det med å strikke meg jakke!  Bestilte bomullsgarn frå Sirdar - BEACHCOMBER !  Høres sommarleg ut,  navnet aleine💚   Fant masketal i eit hefte frå Sandnes (line) og dura i veg. 
 For å unngå slafsete kantar - plukka eg opp masker mellom rillene.  (forstykka)  Strikka to sammen, flytta den eine tilbake og fortsette fellinga slik langs kantane.  Blir ein fin og passe stram kant.  Lært fellemetoden av Wenche JD - tusen takk!! 
 Me fekk så fine maidagar - at ein berre måtte nyta.  Magnoliatre, "sprong" ut lika etter 17.mai.  Og den dagen vart så fin for oss på Vestlandet.   Eg kosa meg i kjolen min. Anvendleg både i jobb og til fest!   Strikka meg hårbånd av resten av nøsta.   Så her gjekk ikkje noko vekk,-- som spelt melk!
 Hugse de "tovasteinen" ?  Den er vaska litt mindre og fått ein liten saccosekk inni seg.    Har strikka to små runde " curlingputer" i resten av båndgarnet frå Katia.  Dei er og fylde med isoporkuler.  (inni trekk sydd av jersey)

1 kommentar:

  1. Her var det mykje fint. Og så flott kjole du har strikka deg :) God helg.

    SvarSlett

Siste feriestrikk på siste feriedag

Jammen vart eg hekta - på Norsk Sommer babyteppe.  Til og med lot meg freista på samstrikkgruppa på Ravelry.   Veit at det ikkje var noko k...