6/15/2017

Kome over kneika

Ryggen er ferdig!!! Eg satte inn og strikka eit par cm til dagen, og vant meg mestringsfølelse.   Nokre timar med å hekla dei smalaste rutene og eg er klar for resten.
 Får håpe jakka blir passeleg til meg?   ---  for føler den krympe til størrelse smal. Får jaga dei tankar vekk! Reknar med at rutene vart jamnare etter vask og strekk.
 Barneteppet vart og ferdig.   Kunne vore 10-20 cm lengre,  men hadde ikkje meir cerise.  Mønsteret er ei forenkla utgave av "daisy-strikk".  Detta var kjekt å strikka!      måler 100 x 62 cm


Utover over strikking, så har eg mala møbler i da siste.   Det gamle sybordet som svigermor hadde funne på loppemarket, fekk ein ny fresk.  Marmorert folie på toppen, kvitmaling (vintage), samt bronzefarga voks, gjorde susen.   Mann min bruker det til eit databord, så berre innhaldet i skuffa er mitt -  thi hi


I kjellarstova er fleire møbler pussa opp med malingstrøk.   Lampen her i papp og er Dansk design av ein Holm.   Eg tredde heile greia nedover leselampen og vonar den metallskjermen unngår full oppheting og fyr.  Skal nok passa på.....
      Bord, hyller, småbord er mala i gråtonar.  Nei, dei gidder eg ikkje visa fram.  Dette er mest ein strikkeblogg. 

2 kommentarer:

  1. Det ser meir og meir spennade ut med jakken din! Eg har vore borti det å hekla på striper og veit det er tidkrevande. Men lurer på ka teknikk du strikker rutene i, ser ut som Icord? Lykke til videre!
    Herleg koseteppe har du og strikka. Og hjelp for eit arbeid med sybordet, fint blei det.

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er i-cord på ein måte ja. Man holder to masker på flettepinne og strikker desse med kontrastfarge etter byte av plass. Tusen takk for fine ord! God sommar.

      Slett

OL -lua for 2018

I siste "Familien" - 21/17- var det oppskrift på OL - gensere, pannebånd, votter og lue.  Satte igong med lua til vaksen.   Men, ...