7/24/2017

Siste sysler

Heklenål og strikkepinnar har fått fritt spelerom i late fridagar,  No etter eit vanskeleg prosjekt, har eg berre kosa meg med småting som eg vert fort ferdig med. Prøvd forskjellige oppskrifter som har lagt på vent ei stund.   Var redd eg ikkje ville gjere ferdig jakka, viss eg tok fatt på slike kosearbeid innimellom.
                 Zebrapute, strikka i dobbelt Flora frå Drops.  Litt under 200 gram er brukt.
                                           Kjekk bok å ha i eie.

                   Fant mønster på Ravelry på desse hattane til Erangi Udeshika -  går fint å googla "crochet straw sun hat" - og
                                Mandarin Grande - er brukt i denna millitærgrøne (nesten 3 nøster brukt)
 Heavy cotton frå Stoff&Stil ( 2 nøster), blanda med glittertråd i turkis.
                           Ein rest kringlefarga bomullsgarn vart til croissants med sjokoladestrø
   Her fekk eg være med til fjells.  Gubben J, fiska og eg hekla.  Det var alldeles flotte timar
                                   2 små fjellørret fekk han opp.  Capsen har eg strikka, for ei tid si.
              Kjekke retro tøfler, hekla i forskjellig restegarn.  Mønster i Inspirasjonshefte (forrige blogg)
    Dobbel Sisu er brukt, samt anna restar av sokkegarn.
 Har ikkje alt på stell i hagen, men koser meg.   Sjekk den herleg rota eg fann til fjells då!!    "Det beste i livet er gratis" --  og eg erfare at det er mykje sanning i den strofa.  
                                                          Nyt sommaren!

1 kommentar:

  1. Du er superflink med heklekroken! Tenker det er godt å slappa av med småting etter den store jobben ;-) Mange fine ting har du trylla fram!
    Naturen har mykje spennande å by på, det gjeld å ha augene med seg, fine bilder du tar!

    SvarSlett

OL -lua for 2018

I siste "Familien" - 21/17- var det oppskrift på OL - gensere, pannebånd, votter og lue.  Satte igong med lua til vaksen.   Men, ...