8/07/2017

Corallina

Eg falt så for denna jakka som Rowan har gratis mønster til på sine sider.   Det var noko med fargane og det enkla med rillestrikk og raglan.
 Følgte mønsteret i maskeantall og pinnestørrelse, men ikkje i framgangsmåten.  Strikka bol, att og fram.  Armane på rundpinn med ein omg. rett og ein vrang.  I stedet for å sy samen, så strikka eg raglan med 6 masker mellom fellingane.    Det gammelrosa alpakkagarnet, var ikkje så godt å føye ilag med dei andre.  Men, då eg vaska opp for hånd, tok eg og tova litt der og la jakka til blokking etterpå.   Gjekk kjempefint og nå er eg strålande nøgd!!

 Snart slutt på ferien min, den går "knallfort"!  Var i Telemark, forrige veke.  Kosa meg på hyttetur med mann, svigerinne og svoger.   Farta litt rundt om, men vart og tid å byrje på eit teppe som heiter Norsk Sommer - babyteppe (Torirot design)  Kjøpte mønster på Ravelry.

                       No har eg strikka enda meir, det er så gøy å sjå blomar og mønsterborder vekse fram

2 kommentarer:

  1. Lekker jakke, den så god ut. Takk for tips til teppe. Skal se på det.

    SvarSlett
  2. Åh, så fin jakke! Den likte eg godt og du kledde den super godt!!

    SvarSlett

OL -lua for 2018

I siste "Familien" - 21/17- var det oppskrift på OL - gensere, pannebånd, votter og lue.  Satte igong med lua til vaksen.   Men, ...