10/18/2017

OL -lua for 2018

I siste "Familien" - 21/17- var det oppskrift på OL - gensere, pannebånd, votter og lue.  Satte igong med lua til vaksen.   Men, grudde fælt for maskestinga i flaggstjerna  --  med god grunn!
                             Stinga blei bulkete og fæle.  Så børsta eg dei opp litt - men, heller ikkje nøgd med da resultatet.   Fant fram nåla til ullfilting og brukte den litt.  Stjerna kom seg noko.  Sjølv om gubben fortjener fine ting, så får lua bli hans.  Men, den kvite lille dusken trong eg ikkje laga til han- he he

 Prosjekt som har lagt på vent i ein mannsalder!   Då eg var lita bytta eg til meg ei strømpebukse (size Tjorven) -  aner ikkje kva klassevenninna fekk??!  Eg har alltid tenkt å strikka den av.  Egentlig nydeleg arbeid i den vesle buksa!    Med ein rest av tynt ullgarn med elastitet, har eg klart så nokolunde å kopiera.   Ikkje i føttene - der var det noko finurlige greier.  Så brukte vanleg hæl og tåfelling ( i miniutgåve)
                                                    Toppen er hekla i fri krokføring!
 På jernbanen i Bergen - ligger butikken Norwegian Spirit.  Sist eg var der, kjøpte eg Lang Super Soxx med cashmere.  Tynt og utruleg mjukt.  På pinne 2,5 mm har eg strikka strømpene med snodde rettmasker.   I håndarbeidsbladet var det mønster på "magic loop" (to sokker på ein gong) og då skulle ein strikka frå tåa og opp.  Det gjekk fint å strikka dei frå skaftet og ein om gongen.  Eg beherske metoden magic loop -- men då bør eg ha to nøster.  Blir så mykje kluss å ta tråd inne og utafor nøstet.   Gjekk berre 60 gram til sokkeparet mitt.
                        Har prøvd å hekle og strikke etter fri fantasi og foto av barnetv-figurer.  Minste barnebarnet - var så oppteken av desse, "Poppeloppane"  Gøy å ta med og sjå om han kjenner dei att??
Hausten er her og med det mykje vatn!!  Alt for mykje vatn.  7-8 cm vatn i grovkjellaren, det var ikkje noko kjekt!  Og da heila var min feil!!!  Uvetenskap, kansje??   For at Pil skulle tetta alle dreneringsrøyr med rastaflettene sine, ja kven kunne tru da?  Hagen vår ser ikkje ut etter graving og vøling.  Men, eg får være glad med får bukt med problemet.   Aldri meir Pil i Pilavegen! 

be simple variation, heiter sjalet

Var så heldig å få eit hespe med farga lammull.  Heile 650 meter mjukt garn!!! Var litt vanskeleg å bryte opp hespet og lage nøste av det....