1/15/2017

Sokkestrikk, troll og saum

No i helga har eg rektig slappa av!!  Og då med handarbeid.    Strikka eit par sokkar etter ideen med lua (sjå tidlegare blogg om du gidd leita, for eg plundrer ennå med dette data greiene)
 Her kan eg røpa at eg la opp 54 m, for så å auka til 58 m der rutene starta.  For at da ikkje skulle bli så tjukt under foten, valgte eg å strikka striper der.  Den maska i multifarga garn, strikka eg vrangt heile vegen.  Vart god struktur og ganske flatt i sålen.    Vil du strikka mønsteret som danner små ruter, må du huska å strikka to rette i kvar farge, 1. omg.  Så to omg. vrange masker (2 m i kvar farge).  Når ein bruker multifarga tråd ser det ut som ein gløyme den biten, her og der i overgangane til ny farge. Litt kipt!!   Ungår det ved einsfarga garn.

 Korte turar må til - det er sååå friskt og fint i naturen om da er vinter.  Vårlyngen har pynta seg med hagl.   Bekken brusa godt den dagen uværet "Vidar" slo til.    Eg fann inspirasjon til å hekla.....
                                           ...... eit troll!  ( Ei venninne meinte eg mangla da i handdukke-samlinga mi)

                   Laurdag morgon, stråla månen på blå himmel og eg fekk lyst å sy - tenk det da - få lyst til slikt???

      Stoff vart kjøpt på Stord i august --  knappar i Oslo for 4-5 år si!!!  Mønster liggande på loftet. Ikkje sjå så nøye i saumane då, men eg er stolt eigar av ein "vintage-bluse"
 Ikkje flink å få til fine knapphol, om maskina er utstyrt med eigen fot for den slags.  Så difor leita eg fram ein knapholsstrikk eg tinga frå Danmark ein gong.   Lurt eller? 

Siste sysler

Heklenål og strikkepinnar har fått fritt spelerom i late fridagar,  No etter eit vanskeleg prosjekt, har eg berre kosa meg med småting som ...