1/29/2017

to nøster = sjal på 160 cm

Kjempegøy å få utav 100 gram garn ett herlig fargesprakande skjerf/sjal på 160 cm lett strukket.  Søkte på Karius (Ravelry) og det kom opp fleire lekre sjal.  Det var enkelt og greit å strikka.  La opp 5 masker, med merino superwash garn eg fekk i gåve til Jul.    Økte på kvar 4. pinne (slutten) i eine sida.  Samt strikka annakvar rapport med rette og vrange riller.   Då eine nøsta var oppbrukt, minka eg i same sida nedover mot 5 masker att.   Sjalet vart vaska på hurtigprogram og hengt over ein bua stolrygg til tørk.  Dagen etter var det langt nok.

foto over- lånt frå internett

 Så måtte eg bare prøve ei "lotepus"-lue.   Sjelden eg faller for akkurat som 1000'vis av andre.  Men, denne lua fenga.  Eit minus at den vart svært stor!!  Må kansje tove litt i tørketrommel.... viss eg tørr i morgon???  Garnet i det grå feltet, er resirkulert ull eg kjøpte i Bergen.   Har prøvd å søka på internett om det er eit nettsted som selger slikt garn.  Fibra natura - "renew wool"   - utruleg mjukt og godt å strikka med. 

Fekk til slutt ferdig buksa til dette settet. "Flora"      Eg var så dum, om eg skal seie det slik - å snu om på fargane.    Lyst mønster på mørk botn.  Kunne mest ha strikka kofta på den tida eg brukte på buksa i 6 mnd.   !!!!!   Hodebry å tenka omvendt.  Og så hadde eg ikkje lyst å markere i heftet til Viking.  Printer'en vår vil ikkje kopiere lengre, så kunne ikkje ta ut kopi å teikne på heller.   Akk jasan - noko jobb skal ein ha, om søtt det vil bli!

Siste sysler

Heklenål og strikkepinnar har fått fritt spelerom i late fridagar,  No etter eit vanskeleg prosjekt, har eg berre kosa meg med småting som ...