4/21/2017

Lothepusveske?? er vell å trekka da for langt??!

Men, i utgongspunktet var jo bråtet her strikka til Lothepuslua.   Eg spurde her i ein tidlegare blogg om nokon hadde ide, til meg --  om kva eg kunne nytta den  altfor store linninga til.   Hagla ikkje akkurat inn med svar på detta.  Så difor har eg tenkt litt og hekla noko "greier" sjølv. 
 Er i tenkeboksen om eg skal montera denna grå veska inni strikkeveska??   Den passa akkurat oppi.  Eller om eg bare skal ta eit stoffnett og tilpassa????
 Hekla ein botn til veska.  Samt slisse med knapphol.   Heklemønster har eg funne på nettet ein stad.  Finn det dessverre ikkje att.

4/19/2017

Forsinka påskeblogg

Trur da er lenge si eg har hatt så long strikkepause?!!   Påska, gjekk så fort.  Da var familiesamlingar, turnusarbeid, matlaging, turgåing samt boklesing, men ikkje strikka eller hekla ei maske -- før i dag.
 Tjorven garn hadde tilbod på detta garnet i mars.   5 kr pr nøste!!   Hadde ikkje mål og meining, men noko vart til ei brødkorg....
                        "krokustøflar" .........
                     mjukt fat til, tomater,  * etc.

                   Langfredag, vart desse mjuke "nøstene" klekt ut.  Eldstedotter m/familie har kjøpt seg rugekasse og fekk da travelt med å følga opp kyllingane som kom den dagen.  Men, god kake og snop vart det på mormor og morfar, lell!

1000 takk for hyggelege kommentarar til meg i bloggen.   Må syne dykk detta bildet.  Da har eg fått etter mormor, men aner ikkje kven som har laga det. Over 50 år. Mose, kvist og never, kan og nyttast til kunst! 

Siste sysler

Heklenål og strikkepinnar har fått fritt spelerom i late fridagar,  No etter eit vanskeleg prosjekt, har eg berre kosa meg med småting som ...