5/10/2017

Blir kjolen ferdig, tru??

Då me fekk dei varmaste vårdagar ein kan tenka, hadde eg satt meg i gong med å strikka kjole til 17.mai.   Eg kan ikkje vase rundt på dobbelvakt i bunad den dagen.  Som regel er her svært kaldt og vått.    Så ein kjole i alpakka/ull er ikkje å forakta. 

I lag med plommeblomster og humler, fekk eg strikka skjørtet på ei veke.  Ganske sløv jobb og lite motiverande. 378 masker på pinne 2,5!!  Men, minka jo etterkvart.   Etter 76 cm kom eg ned til 250 masker!!   Må  skryta over garnet Flora til Drops.  Utrulig lekkert og fint å strikka av.  Heile 10 cm fekk av fyrste nøsta!!! 

 Hit men, ikkje lenger!!  I mi gode tru, så haldt ikkje 8 nøster!  Nå må eg sondere rundt og finne rett farge og slikt.     Derfor heng det nå i ein tynn tråd om eg rekke å bli ferdig til nasjonaldagen!
 Kjolen er designa av Danske Sanne Fjalland.   Mønster i siste utgåve (4/17) Alt om Håndarbeid.  Som de ser, så gjekk eg for indigoblått.   Gleder meg til å bli ferdig, den passer meg fint og er svært behageleg. 



Stort avvik hos meg

3 uferdige produkt på ein gong!!!!!  "Sånn går da"- som han sa son vår.   Men, har håp om å bli ferdig til bursdagar og Jul.  M...