6/02/2017

Tolmodstest

"Himmel og hav" for eit komplisert strikketøy!!!  Aldri følt meg så klønete på lenge - og er på randa til å gje opp!  puhhhhf.     Klarer bare nokre omgangar til dagen, for ikkje kasta alt i bosset.   Men,  er eg nok for sta og stolt til da!??
 Der heklenåla peiker, fann eg på å bare strikke vrangmasker ( takk for tips, Zirkona) - for så å hekle opp masker der etterpå.  Kroken har ei leppe for å låse tråden inne ei stund.  Den høyrer til ein strikkemaskin.  Veit ennå ikkje om det går, men akkurat nå gidder eg ikkje tenke så hardt på det.  Det er nok med 12 "bobbins" på baksida!!  
Eg måtte berre ha eit strikketøy til avlastning.   Lager eit stjerneteppe av dobbelt alpakkagarn. 

               Så har eg og øvd meg på symaskin.  Slippers i gjenbruksull.  Mønster i boka de ser
Denna vesle krabaten, var svært kontaktsøkande.  Høyrer til flokken i Bringedalsbygda, kor eg likar å gå tur.   Rett og slett "LEV LANDLIG"-idyll!   God Pinse!  (Eg må jobba) 

5/28/2017

Byrja på eit" mesterstykke"

Føles i alle fall slik!!   Eg kjøpte den engelske strikkeboka TUDOR ROSES av Alice Starmore.  Denne har eg bladd i og drømt meg alldeles bort med  dei vakre plagga som er designa.  Henrik VIII sine Dronninger, nokre med kortare levetid enn andre koner generelt??.  De hugsar nok historia ?!!     Den 4. i rekka - Katherine Howard - har eg valgt meg ut.  Ikkje i dei fargane som er i boka, men som vil stå til eit grått strikkaskjørt eg har.  Google du på tittel og navn, kjem det opp monge fine foto frå boka og dei som har strikka i frå den. 
 Baksida (peplum), metta med "bobbins" for å halde garnendar på plass.   Eg starta rett før helga, 24.mai - trur eg blir rett.    Går slett ikkje fort.  Her må lesast nøye.  Strikkeutfordring "de luxe", inni mellom husarbeid/hagearbeid og turnusarbeid.  Har bestemt at detta skal eg ikkje haste med,  bare kose meg.    Ikkje godt å veta når neste blogg blir, med andre ord!
Bruker garnet Hjerte frå Hillesvåg (hifa)  I boka er det brukt tre blåfargar, eg går berre for to.  Grått og kvitt, får  halda. Nok styr med trådane som det er!!!! 
Me trives ute i hagen, både katten Mindy og meg.  Detta er den finaste tida på året - og tenk me har sommargrader! Heilt topp!

Cherrytomater, tar seg ut i drivhusest.  Ventar berre på blomar og tomatene skal kome.  Ei skive frå ei kjøpt tomat i butikken, er "mor" til to potter med store buskar. 

Stort avvik hos meg

3 uferdige produkt på ein gong!!!!!  "Sånn går da"- som han sa son vår.   Men, har håp om å bli ferdig til bursdagar og Jul.  M...