6/15/2017

Kome over kneika

Ryggen er ferdig!!! Eg satte inn og strikka eit par cm til dagen, og vant meg mestringsfølelse.   Nokre timar med å hekla dei smalaste rutene og eg er klar for resten.
 Får håpe jakka blir passeleg til meg?   ---  for føler den krympe til størrelse smal. Får jaga dei tankar vekk! Reknar med at rutene vart jamnare etter vask og strekk.
 Barneteppet vart og ferdig.   Kunne vore 10-20 cm lengre,  men hadde ikkje meir cerise.  Mønsteret er ei forenkla utgave av "daisy-strikk".  Detta var kjekt å strikka!      måler 100 x 62 cm


Utover over strikking, så har eg mala møbler i da siste.   Det gamle sybordet som svigermor hadde funne på loppemarket, fekk ein ny fresk.  Marmorert folie på toppen, kvitmaling (vintage), samt bronzefarga voks, gjorde susen.   Mann min bruker det til eit databord, så berre innhaldet i skuffa er mitt -  thi hi


I kjellarstova er fleire møbler pussa opp med malingstrøk.   Lampen her i papp og er Dansk design av ein Holm.   Eg tredde heile greia nedover leselampen og vonar den metallskjermen unngår full oppheting og fyr.  Skal nok passa på.....
      Bord, hyller, småbord er mala i gråtonar.  Nei, dei gidder eg ikkje visa fram.  Dette er mest ein strikkeblogg. 

Rester av alpakkagarn

Syntes eg fant ein ypperleg kombinasjon, ved å mixa  Tine Solheim's lange vest og Kaffe Fasset's Lidiya???!! ??                ...