7/20/2017

I did it, my way...

Så er jakka montert og knappar sydd i.  Nesten 2 mnd.'s arbeid.  Eg hadde igrunn trudd da gjekk meir tid. Men, når eg fann mine forenkla løysingar på enkelte ting, så gjekk da jo fint.  Takk til  deg som har trufast heia på meg! " Gubben J" - knipsa nokre foto i solnedgong.  



 Var heime på Karmøy, her ein dagen.  Då MÅTTE eg innom handlehuset i Skudeneshavn, etter meir garn.    Det er leeenge siden eg har bevilga meg ein stor pose garn.  Filosofien var å strikka ut da meste av lager.     Stort utvalg i garn i butikken.

 Foreldra mine, var med "øyå rundt" - her var me nedom Ferkingstad hamn.  Trødde mykje her i 9-12 års alderen.  Passepike for søskenbarn.     Godt å mimra litt iblandt.
I dag har me hatt sommar i Herøysundet.  Eg har hekla koseklut - litt etter Inspirasjonsheftet- men, og litt fri fantasi 

7/17/2017

bitteliten rapport

No veks siste arm på pinnane.   Men, sjølvsagt måtte eg gå tom for garn.    Og det berre nokre meter av den stålgrå fargen.   Tok kontakt med Hillesvåg, (hifa.no)  som heldigvis kunne senda berre 50 gram av eit hespe.  Rart at porto skal være dyrare enn garnet!??  I alle fall er eg berga for å få ferdig jakka snart.

 Det er monge finesser på jakka.  Blant anna nederst både på bol og arm.  Noko har eg prøvd å forenkla, men klarer ikkje å unngå alle trådskifta.  Fester litt undervegs.

   Eg har satt glidelås i genseren min, nokre år si.  Den klødde i halsen, så difor har eg bretta ned og hekla ein kant rundt.  Mykje meir anvendleg for meg.

Rester av alpakkagarn

Syntes eg fant ein ypperleg kombinasjon, ved å mixa  Tine Solheim's lange vest og Kaffe Fasset's Lidiya???!! ??                ...