4/02/2018

Klar for varmare dagar

.... med min Havanna!   Kom tilfeldig over eit Viking hefte (1706) med oppskrifter i bomull/bambusgarn.     Fargar og inspirasjon har designer Berit Ramsland funne på Cuba.   Eg falt for Havanna-genseren med ein gong.  Fant garnet på tilbud hos strikkemekka.no.   Ei veke tok da meg å strikka.    
                                       Må ta med som logg i blogg, at denna Påska har det vore strålande sol, men kaldt.   Pakka meg godt inn for å sitje ute. Mykje fri har eg hatt og - kan ikkje minnast så laber og herlig Påskeveke.

                                          Liker og toppen på forsida av heftet.   Skal nok strikka den !!.
Må ta med at garnet bamboo er svært glatt.  Måtte skøyte overganger med båtmannsknopp, for at det ikkje skal skli opp att.

     Heilt etter oppskrifta denna gong.  Ups, berre dobbeltstrikka halslinninga - den vart finast slik.  Gjekk ned til pinne 3 mm istaden for 3,5 mm, då eg strikker litt laust.  Eg kunne nok ha strikka genseren i M.   Tok ikkje sjangs på det si eg gjekk ned i pinnestr.  Så min er i L.    Heilt nydeleg å ha på!  

garnnøgler

Danske Anne Holtegård, har designa eit sjal som må være eit must for strikkere!??!    Eg vart obs på sjalet på strikketreff/Geilo.     Fekk...