5/16/2018

Store og små hekla nett

Joda, så måtte eg hekla nett og!! Eg som ikkje likar å bli med på slike "bølger"!   I alle fall har eg tusla samen egen variant då.    Byrja med eit stort nett, som ein kan handle vannmelon i 😆😏   (eller bruka til håndkler og solkrem??)
 Hekla staver med to luftmasker mellom.    Blomar av rester.   Knapp bakpå, så kan ein pynte kor som helst med blomane.          Lag ei rad med stavgrupper, snurp sammen og monter knappen under.

            Under grand prix, hekla eg ei puta.   Fant fram nokre knappepynt eg laga for lenge si, og sydde på.   
 Desse fruktposene er hekla av berre luftmasker og fastmasker.  Dei er svært elastiske.  Veg 20, 22 og 25 gram kvar.   Har 4 epler i det lysegrønne, kunne hatt plass til enda flere.  
OBS!( ein kan og auke med berre ein boge mellom. Då treng ein ikkje auke meir)
Hekler ein ring med 8  boger med luftmasker.  Enten med 5 el 6 lm i kvar boge. (kjem ann på om garnet er tynt eller tjukt)   Auker ut 4 stader med ein ekstra boge og 2 mellom.   Ein omgong uten auk, for så å auka ein gong til med 3 bogar mellom..  Då kan ein hekla så langt ein vil ha posen.   Eg laga ein picotkant øverst og hekla snor.   Obs, fester bogane med fm rundt bogen under, ikkje gjennom maska!!

Detta er gøy å jobba med.  Lett å bli hekta.   Hagen går det seint fram med.  Gubben og kjerringa, har så mykje anna å halda på med.   Men, takk skal de ha for venlege helsingar.  Ha god 17. mai!  

Genseren Cortina

I Dale/Knit at Home - sitt gratismagasin no i haust - stod det litt om det gamle mønsteret Cortina.  Eg hadde noko Lima frå Drops, som pass...