10/06/2018

Min Cahal

Då Linda Marveng la fram vesten Cahal - berre måtte eg ha tak i mønster på den.   Kjøpte mønsteret hos LoveKnitting - og fekk det då både i Engelsk og Norsk utgåve.    Cahal betyr sterk i kamp!   Nå har eg i alle fall noko sterkt/varmt mot vinterkulda!   Valgde å strikka i Dale alpakka i multifargar.  Angrer litt, fordi garnet loer og loer.    Har vaska vesten i balsam for å binda hårfibrane, utan hell.  No ligg heile stasen i frysen - for å sjå om det kan hjelpa på røytinga! Ellers er så nøgd med vesten min.   Den kan og vendast - for mønsteret er lika fint på andra sio.   Eg har hekla og sydd sirlige saumar, slik at det ikkje er noko vrangside på dei. 


 Eg har bretta kragen på min "Cahal" 
 Så må eg syna den "nye Tjorven-dukka" !  Litt lubnare enn den eg har frå barndommen. Men, lika søt og blid!!     Kjøpt hos Eventyrbutikken

 Innimellom flettingar på vesten, har eg måtta ta pausar og strikka noko anna.  Det passa fint å lage litt dukkeklær.   

                     Eit nøsta raudt babygarn, vart til ein heil garderobe for dukka mi.  

garnnøgler

Danske Anne Holtegård, har designa eit sjal som må være eit must for strikkere!??!    Eg vart obs på sjalet på strikketreff/Geilo.     Fekk...