Innlegg

Tid for luer, pannebånd og sokkar

Bilde
Eskalerte litt etter eg fann drops sitt pannebånd (195-2 Waiting for snow).  Ble to rosa og eit blått.  Fant ut at det gjekk fint å strikka fire fletter.  Tykte det førsta vart for bredt for meg.  Og litt for rosa, til "gamlå"!  Sjølv om me i oktober tenker på aksjon for brystkreft!   Men, det finnes nok yngre brukarar til desse banda.

    Viking merino er brukt.  Fant nøster med 50% på Spar -  så då måtte dei få bli med heim

  Inspirert av bunadssokkar  med åttebladrosa - fekk eg lyst å strikka lua.  Flora er brukt her
 Barnebarn ønska seg Ninjalua - og den skulle være svart!  Engelsk oppskrift - plundra litt, men kom i mål med det.  Lillebror får sin i blått

 Tynne strømper i smockmønster (Ronja heter strømpene)
 Litt dukkeklær har eg og laga.   Skjørtet er gamalt mønster
Mindy, måtte me avliva.  Ho vart så sjuk. Leit når trofast ven, er borte.  Tomt i huset.

Honningjakka og to luer

Bilde
Frå boka Egostrikk, av Lene Holme Samsøe-  har eg hatt planen å strikka denna jakka.  Eg brukte Drops alpakka Silk, ca 6 nøster. 


    Gamle katta vår, Mindy er 13,5 år.  Ho skranter nok litt i helsa -  søker stadig kos og oppmerksomhet.   Strikkekorga mi, er okkupert !!
 Gratis oppskrift på denna lua - Snøhetta -- finnes på Dale sine sider.   Eg måtte jo strikka meg ei slik
 Fekk ei gratis oppskrift med ein bestilling hos Pickles.  Då vart det lua på gubben og.  Brukt dobbel Flora - garn.  Mjuk og god.

Bunadssokker og Comotopp

Bilde
To vidt forskjellige strikkearbeid!!!  Sokkane er til son, Arne som har bestilt seg bunad frå Kvinnherad.  Eg fekk telle og teikne av sokkane ei venninne strikka til son sin.
 Eg nytta Silja Strømpegarn frå Gjestdal.  Pinne 2,5 mm og nesten 6 nøster.  Kjøpte 2 ekstra, slik at eg kan bøta på med berre foten, om da skulle bli trong for??! 10 åttebladroser nedover leggane, både innsida og utsida.
 Bestilte garn og mønster hos Pickles.  Eg tykte den vart for utringa til  meg, derfor hekla eg pynt. Si det var såpass sommerull att, så forlenga eg toppen litt.  Liker at den går godt nedafor bilringane!
 Hekla og to gryteklutar i dobbelt svart garn (Safran).  Vart litt stilige med skinnlappar i hjørna.
Eg kjøpte ein gong eit stykke "fuskepels" av Jane.   Var tenkt til bolero, men eg brukte ikkje det.  Så dermed vart dei ugleputa.  Gøy å få til med berre to kvite hekleringar og eit "nebb"

Haust= tid for kreative dager

Bilde
Måtte bare kjøpe mønster hos hobbii.no  "se på min lille Teddy, du"
                         Lite nett med skulderreim.  Hekla på/til,  dagsenter /salgsbod der
                 Siste innhausting i drivhuset.  Me har fått mykje utav drue+ og tomatplanter!!
Ut på tur, tross regn og vind.  Så mykje fint å sjå!  Blir glad over skilta som opplyser om kor langt det er til Paris, for eksempel.  Kreativt!!!!

                  I dag var her springflo.  Brua forsvant nesten.  Men, vakkert er det ute, uansett årstid!

                                Vel heime i stova, hekla eg på nokre blonder - og lagde klær til "Bitteliten"- dukka på ca 7 cm.   Bleier og greier!

       Mini orkide, har beæra meg med blomster nok ein gong.  Den er så skjønn!

Dahliajakke i bomull

Bilde
Først kjøpte eg garnet, Luxor (hifa - Hillesvåg- ull.no)  på salg.    Så kom eg over kjolen med same fargesjattering - så, då måtte eg i gong med jakke til.  Brukte 6 strikkedager- for vil bruka jakka til helga!!! 

 Eg har strikka att og fram - og ser det er svært ujamt i "strikken".  Nå har eg putta jakka i vaskemaskin og skal eg tørketromle og stryke den godt!
 Fornøyd med knappane då --  små trær på dei.  Matcha jo løvet det?!
 Diverse klutar av "leftovers-yarn"  - nokre strikka og nokre hekla.
Ha fine haust --  den kjem fort no!

Fleire toppar og nokre sokkar

Bilde
Måtte testa ut mønsteret mitt, korleis det stemde på fleire garnkvalitetar.  Vil du sjå, heng på! bomull/bambus garn frå Adlibris, likte eg veldig godt å bruka.      Her kutta eg ut hol og V-hals, samt brukte anna struktur enn riller.  Tjukt bomullsgarn frå Adlibris er brukt.  
 Smoch-masker i sokkane, gjorde dem ekstra fine.   Brukte garn frå Novita - 7 brødre.  Har også brukt teknikken i klutar.  Glømte å ta foto av dei.  Det får eg ta med ein annan gong.
 Mønster "Sykkelsokken" er kjøpt hos ull.no.     7 Brødre, brukt også her.  Liker godt det sokkegarnet.
Desse dagane fekk me sommaren attende!!  I mangel på topp til bikinibuksa, så fiksa eg det med litt hekling sydd på ein tynn BH.  Gøy å kreera litt og få da til.  God passform blei det, men "hu Linda" egner seg ikkje som modell for slike plagg.  /Mandarin petit frå Sandnes er brukt.
For tida er her svermar av Admiral -  mest på blomar med sterke fargar,  men og på nedfalls frukt (plommer).   Dei setter seg på…

strikkeoppdrag

Bilde
…. eller utfordring, kjem nok ut på eit for min del!!  Men, fekk jo lyst å prøva om eg klarde å kopiera ein utslitt "Gina Tricot" - topp.  Eit yndlingsplagg, kan kansje erstattast???....  
                     Prøva og feila---   Sjøgrøn topp under orginalen, vart stor og vid, men svært behageleg. Den er strikka i enkel tråd av Safran bomullsgarn frå Drops.
           Gjekk over til dobbel tråd av Safran - og strikka i veg.  Heile tre gonger før maskene stemde.
 Utfordringa med å få til stripene uten å få vrange masker på baksida - jo, det måtte eg ha hjelp til av min mentor "Zirkona"!!   Du så greit at nokon ser straks løysinga.  Eg måtte bruke ein tynn og ein tjukk pinne.  Ergo; tynn pinne frå framsida, strikka vrangt.  Tilbake frå baksida- tjukk pinne og strikka rett.  Jippi!     Så har eg sett og vridd og notert meg fellingar.

 Eg er ferdig med ferien.  Må seie eg har hatt fine dagar.  Vore heime på Karmøy.  Tok turen til Ferkingstad, der det er satt opp eit m…