1/17/2021

Hetteluer - Janneckegenser og litt til

 

  Ei kollega sende meg link frå VG - 8.jan. i år - der var det oppskrift på baclava/hettelue.  Dei måtte jo då strikkast!!  Har ei i lyseblå/gråtonar og.   Gløymde foto av den.  Den rosa strikka eg mindre. Brukte dobbelt perslestrikk, og monterte duskar.  Vil passa eit barn frå 1 år og omlag 2 kansje? Alpaca Magic brukt i rosa --    Viking Alpakka Bris i den koksgrå.   Held på med ei til i koksgrått - der strikker eg riller i sjølve lua. 
   Janneckegenser frå #Bystrikk for alle -- i str. 2 år.  Same garn som lua over, men lyset lyger på fargen.
                                                                           
                                 Laga ein gåveboks til barnebarn.   Ho har barnevariant av Kvinnheradsbunad. I forklet er det vevde striper/ruter i fargane eg har prøvd å brodera på aida.   Mala boksen og ramma i svart acrylmaling.    Litt bling rundt kanten.  Vart ikkje så "trist" då 👩

       Veit ikkje om du huskar, men eg hadde eit mislykka prosjekt som eg hadde tova lett?  Av detta har eg sydd dukkeklær.  Noko for hand og noko på maskin.  

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Nr 500

 Ser man det!! Heile 500 innlegg i bloggen min!  Takk for følge og kommentarar! Nå gjer eg meg! Ikkje med å strikka og hekla -- der durer eg...