Eg durer i veg og kjem ikkje på å blogga så mykje for tida. Strikka gjer eg nok meir, enn nokon gong før - må sitja med foten høgt (etter operasjon av kne) - er hoven over ankel og vrista, men har ellers det ok med kne, for å fatte meg i korthet!
Sokkar med Mauds hjerter, er eit hefte eg har tatt fram. Dei er så fine i tynt ullgarn.
Garnet er kjøpt hos Wenche J Dahle/ wenjo - ho har farga det. Luksus for meg, desse sokkane.Strikka ein modell med kort skaft - det gjekk kjempefint. Brukt sokkegarn frå Adlibris.no - usikker på kvalitet, men holder fint ennå. Brukt mykje!!!
I Familien i sommar kom denna toppen. Eg falt pladask. Den vart ei utfordring. Måtte laga med diagram for å gjer jobben enklare. Her gjekk fellingar og kast til høgre og venstre, om ein annan, men tykjer eg har fått eit bra resultat. Strikka i Dale Lerke.
Denna toppen, var gjordt på ein to, tre! Dobbelt Belle, passa fint til strikkefasthet. Den skulle strikkast på pinne 8 mm , eg brukte 7 mm og fekk den fin i str. M. Som det ser, forlenga eg den og strikka på ein volang nederst! Då kjem den nedpå baken og det passar "frua" best!