Googla på nettet og fant denna søte boleroen hos http://g-anette.blogspot.com "Anna's bolero"- er strikka frå forstykke til forstykke, i eit. Etterpå er det berre til å sy i knappar og under armane. Eg brukte Just Bamboo frå Sirdar - 150 gram. Då kutta eg ein rapport på ermane og i ryggen. Dette for eg var redd eg fekk for lite garn, men og for det er båndgarn som kansje "reke" meir enn anna garn. Vil tru den er i størrelse 2-3 år då.
Så har eg etterlikna desse eplebrikkene. Berre nokre grøne rundingar i fastmasker. Stilk i molin´e og eit hekla blad i anna grønfarge.

Sjå kva Kari M. D. har laga for meg. Skal bli snertent å ta fram papirlommetørkle frå veska nå. Skulle du freistast til å få deg, nesten maken- så syr ho heilt sikkert. Du finne ho Kari på blogglista mi ;=)
Du er ein reser med strikkepinnane og heklekrokjen morr. Dei eplene va jo berre snåle da.
SvarSlettE har vist heilt gløymt å blogga om lappeteppet mitt som eg har hekla i sommar. Starta 1 mai og nå er det ferigt. Har berre hekla på det på hyttå, så eg har vore raske syns eg. Får ta det i ein blogg seinare. God helg og snyt deg forsiktigt:)))