Blei ei fine helg, på tross av at eg måtte kjøyre til Laksevåg med Jøran's flyttelass. Ikkje greit å være gressenka, og ting faller på "hu mor". Men, så må eg av og til utfordra meg sjølv på nokre områder. Og som regel går det jo betre enn eg trur då?! Monica, var med som "los" eller vegleier- får ein heller kalla det! Hilde var med som sjarmtroll. Ho kosa seg med tante Sandra og onklane. Garnkjøp vart det og-- då på Os. Sandra og Erlend, hadde forsinka gåve til meg. Midt i blinken med; GARN! Eg hekla meg eit par pulsvanter utav eine nøsta der i leiligheta. Har heller lagt litt på giddalaus-sida med handarbeid i helgå. Men, i kveld- skal det strikkast på avislua mi,kansje? Eller så har eg fått ny utfordring på Zirkona's årsteppe. Lappane i september skal strikkast i skyggestrikk. Teknikk eg ikkje har vore borti før. Blir spennande!
"Hot socks" er kjøpt inn til ei venninne som har vært på jakt etter Viking raggen. Håper detta kan være eit fint alternativ- viss ikkje har eg det berre sjølv- he he enkelt og greit det! 600 gram inn i behaldninga mi (då ikkje talt med det 150 grams nøsta som eventuelt skal til K.)
Garn, strikkepinnar, heklenål og monge mønstrar. Det har følgt med heilt si barndommen- og eg klare ikkje legga da vekk. Like å bli inspirert og like å inspirere andre!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Nr 500
Ser man det!! Heile 500 innlegg i bloggen min! Takk for følge og kommentarar! Nå gjer eg meg! Ikkje med å strikka og hekla -- der durer eg...
-
Var innom Garnius i Haugesund, sist eg var der. Skulle egentleg bare ha to nøster - men, kom ut med to fulle bæreposer med garn og duppedi...
-
Ser man det!! Heile 500 innlegg i bloggen min! Takk for følge og kommentarar! Nå gjer eg meg! Ikkje med å strikka og hekla -- der durer eg...
-
Kjøpte tre eldre dukker, truleg Lærdal---- i haust. Har glømt å ta foto, før "oppstyling" (men, kan berre sei dei var ikkje vakr...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar