Pusle på med tova votter og pynt på nokre av deg. Kom over garn frå Hillesvåg- som eg kjøpte på Porselensbuo i fjor. Rart at eg gløyme så fort godbetane eg har i samlinga mi. Dette garnet tova seg så flott. Hadde ikkje noko etikett på seg. Dei låg i 100 grams hespler. Fant ei Norsk oppskrift på Ravelry, som heiter ekte sjøvotter. Den har eg brukt til dei store herrevottane og dei lilla damevottane med sau. Hilde, var på liggebesøk hos oss frå torsdag til fredag. Ein koseleg fredag med godjenta. Ho er så glad i å teikne og perla. Eg fekk lov å være med på sida og strikka. Fekk god hjelp til middagen. Me bakte pølsebrød- og Hilde ville svært gjerne hjelpa til. Som takk, må ho få dei lilla vottane med Hello Kitty på. Dei er strikka i Navia - det tover også flott - og blir mjukt. (40 grader)
Garn, strikkepinnar, heklenål og monge mønstrar. Det har følgt med heilt si barndommen- og eg klare ikkje legga da vekk. Like å bli inspirert og like å inspirere andre!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Nr 500
Ser man det!! Heile 500 innlegg i bloggen min! Takk for følge og kommentarar! Nå gjer eg meg! Ikkje med å strikka og hekla -- der durer eg...
-
Var innom Garnius i Haugesund, sist eg var der. Skulle egentleg bare ha to nøster - men, kom ut med to fulle bæreposer med garn og duppedi...
-
Ser man det!! Heile 500 innlegg i bloggen min! Takk for følge og kommentarar! Nå gjer eg meg! Ikkje med å strikka og hekla -- der durer eg...
-
Kjøpte tre eldre dukker, truleg Lærdal---- i haust. Har glømt å ta foto, før "oppstyling" (men, kan berre sei dei var ikkje vakr...




Sjøvotten er en flott modell!
SvarSlettOg sauemotivet er bare herlig :)