I tynt, tynt garn frå Kina. Fekk noko garn til morsdagen, som heiter med Norske bokstaver; Fenghwang wool. Brukte detta enkelt på pulsvantane og dobbelt i halsen. Utruleg mjukt og godt garn. Hadde to nøster på a 50 gram- men, trur eg brukte tilsamen litt over det eine. Mønsteret stod i Familien nr 1 detta året. Mykje arbeid i å hekla eit heilt sjal, derfor juksa eg med ein hals.
Har vore på ein liten fjelltur i førmiddag. Gjorde godt å koma opp i høgda og få frisk luft i lungene. Nå er eg freista til å setja meg ut på altan og hekla meir krokodille-mønster. Då med detta garnet eg fekk i posten i går. Eg har ei snill "snelle" som veit å overraske med slike kjekke gåver. Ikkje prøvd garnet før, men det ser fint ut i fargane! To heklenåler fekk eg og. Det er fortsatt kaldt og mykje frost her på Vestlandet, så sokkar er ein god ting ennå ei stund.

Å, det såg ut som du hadde vore på ein herlig tur! Garnet var vårfriskt i fargane, spent på ka du tryllar fram av det!
SvarSlettUansett ka du får i nevane, heklenål eller strikkepinnar, så tryllar du fram
SvarSlettdei lekraste ting !
Flotte bilder du viser her frå turen din ! Utsiktsbilde over bygda var nydelegt,
men syner at det blir nok ei stund til grønsjeret kjem på bakkane !
Det er vel dette dei kallar "drøymepåskevær".
Ha ei fin påskeveka !