Har ei travel veke, men litt strikk på pinnane må til. Fant ei fin jakke i det engelska strikkebladet eg kjøpte forrige helg. Nesten tre nøster Merino Extra Fine frå Drops gjekk med til str. 6-12 mnd. Eg hadde jo ikkje garnet som skulle brukast, men det såg ut til å matcha bra med maskeantallet MEF. I det heftet var det nytta mykje pinnestr. 4 mm til baby. Så absolutt ikkje for tynt babyull eg er vane med. Rosene skulle berre være pynt på eine sida, ser det rart ut??
Har hjulpe dotter Monica, med å montere ein Fana-dress. Den er strikka i Baby Merino frå Drops. Nydelege fargar på ein flott dress. Klart eg tar litt montering når ho er så flink blitt med strikketøyet. Knappestolpane skal ho strikka sjølv.
Har hjulpe dotter Monica, med å montere ein Fana-dress. Den er strikka i Baby Merino frå Drops. Nydelege fargar på ein flott dress. Klart eg tar litt montering når ho er så flink blitt med strikketøyet. Knappestolpane skal ho strikka sjølv.


Så nydelege plagg til babyen dette! Eg synes det var tøft med pynt på eine sida, kjempefin jakke. Og fanadressen var så fin i dei fargane, og veldig fint strikka! Dotter di er flink :)
SvarSlettJa, det var ei skikkeleg knas jakke, synes blomane på eine sida var supert. Trur det kunne vorte i meste laget om det var blomar på begge sider.
SvarSlettKjekt å kunne hjelpe til med litt montering. Monica er blitt svært dyktig med pinnane! Liknar på mor si :)
Kjempenydelig jakke, gjorde seg med de flotte blomstene!
SvarSlettFlott farge på Fanadressen:)
Klem fra Gunn
Herlig jakke. Blomsterpynten var flott :)
SvarSlettFanadressen til Monica var nydelig -hun gjør så pent arbeid!