Og skal eg med min grunnskule-engelsk, oversette?! Så lyder dette omlag slik ; cabel back og cabel front. Det blir brukt når ein strikker fletter. Fant ei jakke i Simply Knitting (nov.2010) Med denne teknikken så treng ein ikkje bruke flettepinne/hjelpepinne. Skal prøve å skrive ned oppskrifta eg har funne fram til i desse to luene. Strikka i Bris frå Gjestdal. Herlig garn av ull og soya - halvparten av kvar. Eg hadde sjølvsagt liggande 6 nøster på lager - og, trur dei har gått ut av produksjon?! Desverre! Då eg strikka så tenkte eg ikkje på at i oppskrifta hadde dei brukt hjelpepinne, dermed så klarte eg å strikke omvendt rekkefølge på "vriane". Dette på den koksgrå lua. Men, mønsteret blei lika spennande det - og kansje ikkje nokon som ser da ein gong??? Eller...?
Brukte pinnemål 5,5 mm (litt spiss på pinnen er ein fordel her)
La opp 75 m og strikka første omg.; rettmasker rundt. Deretter slik:
2. omg.: 2 vr, * 2 r, 3 vr.* - omg. ut slutt med 1 vr.
3.omg. : Gjenta " " " "
4. omg.: 1 vr.* ta så 3. maske og strikk den rett foran 2.maske. (ikkje løft over ennå), strikk så 2. rett og løft over til høgre pinne. Deretter strikk rett, bak i 5 maske (ikkje løft) - strikk så 4. m r. *
5. omg. : 1 vr, * 4 rette m (over flettene) og 1 vrang - (som heile tida skal være vrang på alle omg.) blir ikkje vr.m til slutt her på denna omg. Den går inn i fletta.
Gjenta 2. og 3. omg. før ny fletteomg.
Luene eg strikka, blei 25 cm før felling. Då fella eg på annakvar pinne. Først i berre dei vrangstrikka felta, så ein gong til der - eller om du vil - i dei rettstr. felta. Smaksak. Siste felleomg. 2 og 2 rett sm. Dra tråden igjennom sluttm. og fest godt.
Eg har planar om å strikka hals av dei andre nøstene i burgunder fargane. Då tenker eg å auke i dei felta med vrange masker, etter 8 cm. Dukke kansje opp her i ein annan blogg.

Mønsteret på desse luene var kjempefint! Det gjekk gjekk veldig godt å vri feil veg, det blei jo fint ;)
SvarSlettPs. Har du snart reisefeber? Det kribler her ;))
Synes begge luene ble fine. Synd dette garnet er gått ut. det var godt og mykt.
SvarSlettTusen takk for koselig besøk i bloggen min.
Så flotte luer. Ser ut til å være luer som sitter godt på :)
SvarSlett