Eldstedotter Monica, fekk pålagt å handla for mor i dag. Ho strikke jo mykje sjølv og har sans for knappar. Eg var glad ho fekk oppgåva! Dei passa perfekt til ei vinterleg jakke.
Leika meg litt med effektar på kamera - difor snøprikkar på foto !
Eg er håplaus med å snoke opp linkar og godbetar som dukke opp på nettet. Knappar for ein 50 kr - sendt ifrå Danmark. Arwetta, er eit herleg garn, likar kjempegodt. Kom kjapt i posten. Mangler nokre nøster støvblå, men dei vert snart ettersendt. Ei lita hand følgte med - som takk for bestillinga hos www.godsomull.com på handa står det det " made by hand"
Leika meg litt med effektar på kamera - difor snøprikkar på foto !
Det blei supre knappar til jakken! Herleg garn du har handla, det blei nokre nøster på meg og ;)
SvarSlettSå fin jakke, og knappane er prikken over i'en på dette plagget.
SvarSlettMykje flott garn du kjem til å kosa deg med. Vi er heldige som får kosa oss med bileta av det du lagar.