Eg har lenge lurt på kva morgendagens 1-åring, skulle få i gåve av mormor (ein meir personlig ting i tillegg, liksom). Hadde mykje bomullsgarn av merket Marks & Kattens - i grønt og blått. Hekla først bakken med oppbrett, og så himmelen. Då den vart ganske mørk,ja- så måtte bildet bli meir nattleg av seg. "Guten som aldri vil sove, men ha med seg gleder og lykkestunder, kan pusla litt i senga med detta, kansje? Mogleg mamma eller pappa, må putte oppi dyra og ein tutt i lommene når Ian har sovna?? Knappar bakpå hengestroppene, slik at desse ikkje skal verta freistande å bita i. Glede å laga slikt, i heil fri fantasi. Litt hjelp med dyra ifrå detta vesla heftet frå "Det svarta fåret". Traktoren må eg og hekle, men er tom for garn i rette fargen. Går jo ann å få suplement seinare og, ikkje sant?!
 |
| Snudd 4.stropp med vilje, slik at du kan sjå knappen bak. |
 |
| Guten, kan og klatra i treet! |
 |
| Saua, har eg juksa litt med- den er av eit stykke fuskepels med litt svart hekling. |
 |
| Gjerdet er ein detalj eg likte godt å få med. Hadde ikkje raudt bomullsgarn,---så låve og hus er i filt, med kvite heklekantar. Det går ann for ei trøtt sau, å smette innomhus. |
Du har mange gode idèer, denne blir kjekk å leka med :)
SvarSlettKjolen du har strikka var og kjempesøt :)
Wow! For ett lekkert teppe til senga! :)
SvarSlettSkikkelig artig! Og så spennende med dyra som stikker fram her og der :)
Tusen takk for koselig kommentar i bloggen min :)
Håper du får en fantastisk uke :)
Så flott dette er til å pynte opp senga og barnerommet med. Du er god på slik "småputl" du Linda!
SvarSlett