Godt Nyttår, forresten! Eg har hatt ei hyggeleg og fin Jul. Både på jobb og heime med våre. Strikkebøker, garn og sjokolade, "krydra" gåvedrysset til ei som strikker" nonstop"! I romjula kom da opp eit ønske om ullbukse til Ian på 2,5 år. Satte igong mormora då, veit dåke?! Henta mønster i ei bok frå Pickles. Tok utgongspunkt i str 3-4 år og strikka i Sisu på pinnenr. 3 mm. Tykte beina vart så longe i forhold til den spinkle guten som lekte på golvet her. Korta ned med heile 12 cm og vart allikevell for long med oppbrett!! Men, buksa sat fint på gutungen!
Det vart ikkje nødvendig med strikk i livet. Ribbestrikk held fint buksa oppe. For å skjule hola i kanten, hekla eg ei snor og tredde i.
Det vart ikkje nødvendig med strikk i livet. Ribbestrikk held fint buksa oppe. For å skjule hola i kanten, hekla eg ei snor og tredde i.
| Ian, vart glad i buksa. Det er greit å kome seg opp og fram i mjuke plagg! |
| Av tre nøster VÅR (viking's bomullsgarn) har eg strikka komfyrhandkle og ein klut. |
Bukse i ribbestrikk blir gode bukser som sit godt på, sjølv om dei ser litt rare ut ;) Mormor fikser fort opp når det kjem ønsker, kjekt når dei vil bruka strikkeplagg. Ser du har strikka opp ein del nøster i år og, du har litt å kjøpa garn for der! Godt nytt år!
SvarSlett