... ENDELEG ferdig!!! Og det ikkje for det var vanskeleg å strikka på pinner nr 6 mm, men heller alt rotet eg fekk med garn. Kjøpte eit herlig garn frå Tibialia.no - tidlegare i vår. Så gjekk eg først tom for den lyse beige fargen. Men, etter kontakt pr. e-post så ordna det seg med garnet, sjølv om det var godt ut av sortiment. Flott service må eg seie! Då eg skulle strikka sjalskragen så klarte eg jammen å gå tom for den plommeraude fargen og. Turde ikkje mase meir på eigar av Tibialia. Difor søkte eg på nettet og fant Sweet Georgia i plommerødt. Det eg ikkje klarte å sjå på den engelske sida, var at dette garnet var tynnare. Men, si jakka er mi, så bestemte eg å dobla garnet og få avslutta kragen og sy den til. I kjempevær og shorts, vart den montert. På kalde kveldar er jakka heilt nydeleg å ha på. Garnet klør ikkje!
Antageleg kunne eg brukt sterkare fargar i broderinga?? Men, greit at dei ikkje er så markante!
jakka i strikkebladet frå Norsk Ukeblad.
Antageleg kunne eg brukt sterkare fargar i broderinga?? Men, greit at dei ikkje er så markante!
jakka i strikkebladet frå Norsk Ukeblad.
![]() |
| Mindypus 10 år - svært selskapeleg av seg! |





Det var ein staseleg jakke i flotte farger, godt det ordna seg med garn. Du var heldig med fargen og. Skal du nordover snart? Håper me treffes!
SvarSlett