8/24/2017

Strikkemalena

På Ravelry, har eg lagra nokre godbetar eg ønsker å få tid til.  Ikkje alle som vart laga, men nokre mååå berre testast.     I da sista har eg strikka meg ei Malena.    Ho var det lettfatteleg mønster på - sjølv om det er engelsk.   Var og så greit med det at den er rundstrikka,  så slepper ein å sy så monge deler.  
43 cm lang
Her er Malena ute under parasollen, i eit lite solstreif me fekk i går.    Dumt at eg ikkje noterte link/navn på designer.   Men, er du interessert skal eg endeleg finna da fram.   Malena, kom rett under armen til barnebarn på snart 3 år.   Ho drassa ho med seg rundt om.   Men, dukka skal være her hos mormor - slik at andre og kan låna ein ven!  I kveld fekk Malena skjørt og lua.   
                                    ikkje mønster på klærne

                             Er bare såååå glad i Stokkrosene mine.  Når ganske høgt opp mot altan
 Sokkestrikk er gøy.   Brukt pt5 -  frå Rauma --  trur detta må være det finaste sokkegarn eg veit om
                                  Henta i frå Jofrid Linvik si sokkebok.
  Eg har fått litt snev av sydilla og.   Laga meg vekter til å legge på mønster ved klypping
 Jersystoff, kan gje trøbbel.  Men, trur eg skal sei meg tåleg fornøgd med tunika og singlet (ikkje mønster, men lagt på plagg som passer meg frå før)

 Eit par vesker måtte eg og sy meg -- har jo ingen frå før !!!  (tulla!! )

1 kommentar:

  1. Stilige Malena seier dei i sangen, og dokka di blei stilig! Kjekt når ho blei godtatt av ungane og. Herlege sokkar og. Eg "misunner" deg tolmodigheten ved symaskina, du lager så mykje flott!

    SvarSlett

Nr 500

 Ser man det!! Heile 500 innlegg i bloggen min!  Takk for følge og kommentarar! Nå gjer eg meg! Ikkje med å strikka og hekla -- der durer eg...