1/19/2018

... og den som ikkje nøsta kan nytta så

Eg fant eit lekkert garn med paljettar hos hobbii.no     Star frå Mayflower.  Viscose.    Det er spennande om høyre om barnebarn med atopisk eksem, kan tåla hals mot huden - av detta garnet?   Mønster på hals har eg funne i magasinet "Eventyrlig strikk".    Lillesøster har lett for å knabba storesøster sine ting, så difor ein hals til ho og.     Restar vart til hals for Barbie,  hårstrikk og nøkkelhank.  Strikke fritt etter løpande tankar og pinnar.  


 Litt i turkise fargar til meg sjølv og.   Pulsvantar og lua i frå boka;  Wiola Strikk.   Løva i lua, fant eg på å strikka inn.  
 Stor sitjematte ala søye.   For asolutt hokjønn det vart - med sølvtrådar i "pelsen" !!!  Mønster i frå Gjestdal.    La på litt masker for å få den stor.     Sandnes mohair/silk med sølv og Lima er nytta ilag.

  Svært billig  100 % alpaca garn, kjøpt hos Adlibris.   Ein pakke med 12 nøster for litt over 200 kr.                                God helg! 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Nr 500

 Ser man det!! Heile 500 innlegg i bloggen min!  Takk for følge og kommentarar! Nå gjer eg meg! Ikkje med å strikka og hekla -- der durer eg...