Dale hadde så fint mønster på vårkofte i siste gratisheftet sitt. Eg byrja på "ribba" og fann at garnet eg skulle bruke som mønsterfarge, vart for tynt. Så då leita eg gjennom andre bøker og fant ein long vest i Tine Solheim's siste strikkabok. Men, eg ville ikkje ha stjernene og alle perlene. Blomane fant eg i ein annan vest i "Moderne Norsk Strikk"
Har testa Linde ullgarn, frå "nille" i vesten min. Eg tykje ikkje pinne 4 mm var greit, gjekk ned til 3,5 og angra at eg ikkje valgte 3 mm på sjølve bolen.
Manglar knappar som de ser - ikkje heilt sikker om dei skal være blå, kvite eller perlemor??
Tok ekstra tid når perler skulle strikkast inn. Garnet vart litt tjukt. I tillegg kom ein knute i eine nøsta!!! Eg måtte ta jobben fatt, å træ monge perler, enda ein gong.
Lyseblått babyull fekk farge frå grape og lemon
Sokkane med fletter var beige, men nå cherryraude
Ferdig genser i Semilla, vart lys turkis med nokre skjolder. Men, likte genseren betre nå etter fargebadet.
Babyulla trakk til seg meir farge enn genseren. Absolutt best resultat.
Barnebarn H, er på overnatting. Ho og eg spaserte oppi bygda vår. Helsa på hestane der
Snøen ligg heldigvis berre til pynt i fjella hos oss - eg trakter ikkje etter den.
God Påske!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar