4/17/2018

Tjorven har fått Rogalandsbunad og lakksko

Har hatt i tankane å strikka bunad til Tjorven-dukka mi.   Desse "dokkene" er blitt samleobjekt - spesielt dei som er merka Ratti bak i nakken.   Er med i ei gruppe på FB - for Tjorven.   Kom over eit par lakksko med strømper til salgs - så dermed vart bunaden komplett.  Det vil sei, eg manglar ei lita veske.  
 Litt pusling vart det jo,  med små deler og bakstykker.   Blomar fekk meir pynt etterpå.  Tynt ullgarn er brukt.  For det mesta Flora frå Drops (svart)  men, og Arwetta frå Filicolana
 Skjorta strikka eg i bamboo frå Viking.  Ovanfrå og ned - med raglan.  Veldig greit å tilpassa då.
      Kosa meg med å sy på sølvringar, trådar og anna stasj.   Her venter Tjorven på lakkskoa.  Hipp hurra, dei kom i dag !   Nå venter me på nasjonaldagen!
 Må jo syne skatteskista me har fått.   Det er eit arvestykke hos mann min.  Elsker gamle ting, me to!
 Ved siste krampetrekninger av vinter, strikka eg desse.   Ei venninne har bursdag i november, så greit å være klar med vottar då.  Dei heiter "Vinterland".  
                         Opp av garnkassen, kom det ein molefunken løvunge. Hekla med fri dresur!
Nå er våren her og eg berre måtte bevilga meg Ranunkler!  Dei er alldeles nydelege!   Blir nok ikkje mykje blogg framover.   Eg må prioritera ein skranten og forsømt hage.  Ha fin tid! Takk for du kikke innom! 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Nr 500

 Ser man det!! Heile 500 innlegg i bloggen min!  Takk for følge og kommentarar! Nå gjer eg meg! Ikkje med å strikka og hekla -- der durer eg...