9/06/2018

Klar for kald vinter!!

Mest som eit ullteppe å ha på, men absolutt eit must til kald bil og hustrige dagar! I "løøøve it".

Har alltid digga side og vide jakker, og då falt eg jo for denna kåpa.  Mønster i Novita nr 1/2018.  Heilt i andre farger og garn.  Eg kunne så godt tenkt meg dei fargane frå heftet og då, men fekk brukt opp mykje av garnet Lima og litt Nepal - i desse fargane mine.
 Tok ikkje lang tid å strikka med dobbelt garn og pinner på 8 mm.  Men, då eg gjekk ofta tom for kvit og lyngfarga Lima - vart det jo litt opphald.  Monteringa tok og litt tid.  Valgte å hekle kanten rundt.  Skal kjøpa STORE trykk-knappar og sy på knappestolpane.

 I venting på posten, har eg hekla ein liten blekksprut.  Samt klutestrikk.  (får visa ein annan gong)
          Hausten er på god veg!  Det minker på garnlageret mitt, men ikkje på strikkelysta! Finnes altfor mykje inspirasjon !!!   

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Nr 500

 Ser man det!! Heile 500 innlegg i bloggen min!  Takk for følge og kommentarar! Nå gjer eg meg! Ikkje med å strikka og hekla -- der durer eg...