10/25/2018

Cap Sleeve Latice Top - ferdig!

No kan eg berre glede meg til sommar att!! Kjempelekker topp er klar.  Den er strikka med nesten 3 nøster (a 50 gram) Tahiti Fashion - Schachenmayr.   Brukte str M då eg la opp.  Men, i partiet med hullstrikk, hadde eg plutselig maskeantall til L.   Fann ut at det gjorde ingen ting, for eg er ganske breiskuldra.    Minka til rett størrelse etterpå.    
 Den er både behageleg og fin på.  Tynt bomullsgarn.  Kansje eg hekler eit lite halstørkle eller hårbånd av resten???  

Men, det går mot vinter …...
 …..  så gode tøfler må til.   Desse er strikka etter DSA /du store alpakka sitt mønsterhefte nr 46. Brukt dobbelt alpakkagarn.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Nr 500

 Ser man det!! Heile 500 innlegg i bloggen min!  Takk for følge og kommentarar! Nå gjer eg meg! Ikkje med å strikka og hekla -- der durer eg...