2/18/2019

Kosejakke

Føler eg har brukt laaaang tid på denna.  Mest fordi eg hadde for lite garn, og måtte venta på bestillinga mi.  Kansje lika greit, for nakke/skuldrer krangler - og då må eg ta det med ro!   Vanskelig å ta det med ro, igrunn - for strikking er som terapi for meg.  Kviler for andre ting då!! Akk ja, ikkje lett det der!
 Jakka er frå heftet Strikk som eg kjøpte i midten av januar.  Mykje fint i detta heftet.   Eg brukte Dale babyull, ilag med Drops brushed alpakka Silk.    Lett og herlig jakke uten knappar.
Legg til bildetekst

Dukker opp mykje "snålt" på Pinterest.   Katten måtte eg prøva etter inspirasjon derifra.  Fekk minner frå då mormor mi, strikka kosedyr med same metode.  Rundstrikk.  Ho og eg  kalla desse dukkene for "gonkgonkar"

Lagra foto frå google+  - det ser ut til at eg kan blogga allikavell, no når eg tok vekk tilgongen dit.  Foto er teken frå ferja, utifrå Stord og innover fjorden

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Nr 500

 Ser man det!! Heile 500 innlegg i bloggen min!  Takk for følge og kommentarar! Nå gjer eg meg! Ikkje med å strikka og hekla -- der durer eg...