3/16/2019

Dukkemaker og sokkestrikker

"you name it"....  eg koser meg så med å lage litt småting som dukker.   Det tar litt tid, i alle fall når oppskrifta er på engelsk.  Men, det gir ein følelse av mestring.    Siste dukke utav heklekroken er henta frå https://amigurumi.today/crochet-doll-in-minnie-mouse-costume-pattern/  
  Mi Minnie dukke fekk lilla kjole.  Litt mindre prikkar, men har ellers fulgt mønsteret.

 Tips frå venninne -  bruke hullmønster frå Klumpelumpe.  Sokkegarnet er kjøpt på adlibris.no  (la opp 45 masker på desse, har ellers strikka etter hukommelse på sokkar)
 "easter bunny" er henta frå Love Knitting si side.   Eg er ikkje tilhengar av Påskehare, men synes kaniner er søte då.   Denna krevde sitt tolmod i strikkekunsten.

1 kommentar:

  1. Du er ein meister med heklekroken, og tolmodig!! Så søt dokke og kanin, kanina såg nesten levende ut! Sokkane var fine med hullmønster.

    SvarSlett

Nr 500

 Ser man det!! Heile 500 innlegg i bloggen min!  Takk for følge og kommentarar! Nå gjer eg meg! Ikkje med å strikka og hekla -- der durer eg...