Måtte testa ut mønsteret mitt, korleis det stemde på fleire garnkvalitetar. Vil du sjå, heng på!
Her kutta eg ut hol og V-hals, samt brukte anna struktur enn riller. Tjukt bomullsgarn frå Adlibris er brukt. Smoch-masker i sokkane, gjorde dem ekstra fine. Brukte garn frå Novita - 7 brødre. Har også brukt teknikken i klutar. Glømte å ta foto av dei. Det får eg ta med ein annan gong.
Mønster "Sykkelsokken" er kjøpt hos ull.no. 7 Brødre, brukt også her. Liker godt det sokkegarnet.
Desse dagane fekk me sommaren attende!! I mangel på topp til bikinibuksa, så fiksa eg det med litt hekling sydd på ein tynn BH. Gøy å kreera litt og få da til. God passform blei det, men "hu Linda" egner seg ikkje som modell for slike plagg. /Mandarin petit frå Sandnes er brukt.
For tida er her svermar av Admiral - mest på blomar med sterke fargar, men og på nedfalls frukt (plommer). Dei setter seg på rekkverket og soler seg i kø! Har aldri sett maken her til lands. Mogleg at desse som larvar, åt opp kålplantane mine! ?? 😅
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar