12/10/2019

Calatopp

Eg kjøpte "Bladet Garn" på tilbud. - 2 hefter. ( gc:n nr 9 2019)  Calatoppen er designa av Tirill Ilebekk Hansen - @tjuvbekk      Den er strikka ovanfrå og ned.  Veldig lite montering.  Kjempefin utfordring og fin passform.  Eg brukte ca 350 gram Puna frå Drops
 Puna, vart litt bulkete når eg strikka.  Men, etter vask og "blokk"- (lagt inni handkle=) så kom toppen seg fint.   Eg likar så godt snittet nede.  Forlenga framstykket like langt som bak.  Passa best for meg.

 Sokkestrikk på togtur til Geilo - var ideelt.  Desse er julegave.  Garn kjøpt på Adlibris.
 Dillehekling - snøkrystaller frå Pinterest og fugl frå Familien.
 Flyttbar Rudolf, vart til i går.  Eg har laga den som eget hode og etter frihandshekling.  Greit å pynte på tunikaen min, ein genser eller puta.   Til og med juleveska, kan eg ta han med.  Montere med strikkemarkør (som lita sikkerhetsnål) Slipper å stikke meg og slipper å klore opp bakgrunn.

Fekk julestemning sist helg.  Då var  me samla alle samen i familien - til Julatreff på Geilo! 

1 kommentar:

  1. Kjempefin topp du har strikka, likte godt fasongen på den. Og han Rudolf var tøff, du blir fint pynta til jul nå :-)
    Du har fått oppleva både sommar og vinter i det siste, fine opplevelsar! God adventstid til dokke!

    SvarSlett

Nr 500

 Ser man det!! Heile 500 innlegg i bloggen min!  Takk for følge og kommentarar! Nå gjer eg meg! Ikkje med å strikka og hekla -- der durer eg...