2/19/2020

Restegarnsjakke

Inspirert av Pickles Loppisjakka, har eg strikka mi utav garn i alpakka.  
 Den blei skikkeleg vårleg!   Garnendar vart det mykje av!  Men, på bolen så byrja og slutta eg kvar farge der eg skulle zikka med symaskin.  Da forenkla arbeidet mykje.  På armane strikka eg inn nokre trådar, samt festa nokon etterkvart.  Var så gøy å strikka - at jobben var gjordt på 8 dagar!! 
                                       Grøne perleknappar, fant eg på lokal garnforhandlar.
                         
Sjekk fargane i blomsterfoto nedafor!  Tok bilde frå ein blomsterbutikk før eg planla å strikka jakka. Fargane mine er påverka her, hæ??


                          Desse målbånda fekk bamsepynt.  Hekla på frihand, ikkje mønster. 
 Jan og meg, får eit nytt barnebarn i sommar.  Ultralyd seier "jente" - då må da strikkast.  Oldemora (mi mor) hadde klart eit mønster i frå Allers.  Fant Lerke Pluss på salg hos Garnius i Haugesund.  Lua er strikka i Lille Lerke  (Dale garn)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Nr 500

 Ser man det!! Heile 500 innlegg i bloggen min!  Takk for følge og kommentarar! Nå gjer eg meg! Ikkje med å strikka og hekla -- der durer eg...