12/12/2020

Julejakke fra #Bystrikk - samt andre utfordringar

 Foto laster seg opp i ei anna rekkefølge --  så her kjem ferskast arbeid først.  Som desse fruktkåpene. Fekk utfordring i går - og måtte då sjølvsagt gå i gong.  Idear og nokre oppskrifter kom opp på Pinterest. 

                            Tjorven med gullhår kledde Chaneldrakten eg laga til ho.   Denna dukka bytta eg med ho med alle krøllene.   

                                        Eg har tova både tøflar og vottar.  Tøflane er frå Drops julekalender- luke 7 /2020 -  eg har brukt garn frå lager og måtte tove to gonger før passeleg til 39/40 i skostørrelse.  Vottane strikka eg på måfå -  i Lima.    Reinsdyret i vrangmasker forsvant - men, vottane er gode og mjuke og vil passa ein ung herremann.  Tova to gonger, desse og - i vaskemaskin på kortprogram. 

                     Fiksa skjørtet, slik at det nå passer meg!!! Jippi og hurra!   Kjøpte strikk i lokal butikk for saum og garn.    Tredde tre rader og snurpa samen.  Viser ikkje på utsida.  Gjett om eg vart glad?! 
                               Laus krage og mansjettar i garnet Fur frå Du Store Alpakka.  Mønster på kragen fann eg på Garnstudio sine sider.   Der i krølla pelsgarn.  Den fungerte fint allikavell til mindre pinnestr. og anna garntype! 
             Strikka englar frå Allers julemagasin.   Trær med paljettar, har eg konstruert sjølv.  
                  Lett&Lun lua - ligger gratis hos Marte Helgetun.  Eg brukte nokre forskjellig restar av garn. Som brushed alpaccasilk og anna alpacca garn.  


                                   Handdukker i sjølvherdande leire og mine mangelfulle sømkunskaper
                    Dådyr til barnebarn Sofies.  Etter boka Jul (Klompelompe)
                       Måtte sjølvsagt strikka nokre Dådyr julekuler.  Kjøpte oppskrifta på KL nettside
                                             Bomma på strikkefasthet, men trakk den kalotten på ei slik ullkule, ein kan kjøpa hos Jysk.   Dei som ein kan bruke i tørketromla!! Limte på falske vipper og fekk ei større julekule.             Hang opp flokken på ei grein av vrihassel.  Dekorativt

           Anejakka, frå boka #bystrikk - blir mi julejakke.  Brukt Erle/Dale, med sølvtrådar (3 nøster!!!) og 4 nøster kvit Flora Drops.  



2 kommentarer:

  1. Her var det masse flotte arbeid, utruleg kor mykje du får gjort! Likte veldig godt julejakken din, eit plagg som kan brukast til alt. Og så bra du fekk fiksa skjørtet!
    Håper det går bedre med kneet ditt.

    SvarSlett
  2. Tusen takk, Wenche! Går bedre med kneet, når eg er i ro! Ha riktig God Jul! Blir mindre tid med blogg nå, men kjekt du titter innom!

    SvarSlett

Nr 500

 Ser man det!! Heile 500 innlegg i bloggen min!  Takk for følge og kommentarar! Nå gjer eg meg! Ikkje med å strikka og hekla -- der durer eg...