8/25/2020

Mauds sokker og "Bladverk"

 Eg durer i veg og kjem ikkje på å blogga så mykje for tida.   Strikka gjer eg nok meir, enn nokon gong før - må sitja med foten høgt (etter operasjon av kne)   - er hoven over ankel og vrista, men har ellers det ok med kne, for å fatte meg i korthet!

Sokkar med Mauds hjerter, er eit hefte eg har tatt fram.  Dei er så fine i tynt ullgarn. 

  Garnet er kjøpt hos Wenche J Dahle/ wenjo  - ho har farga det.  Luksus for meg, desse sokkane.
 Strikka ein modell med kort skaft - det gjekk kjempefint.  Brukt sokkegarn frå Adlibris.no - usikker på kvalitet, men holder fint ennå.  Brukt mykje!!! 

    I Familien i sommar kom denna toppen.  Eg falt pladask. Den vart ei utfordring. Måtte laga med diagram for å gjer jobben enklare. Her gjekk fellingar og kast til høgre og venstre, om ein annan, men tykjer eg har fått eit bra resultat.  Strikka i Dale Lerke. 
Denna toppen, var gjordt på ein to, tre!  Dobbelt Belle, passa fint til strikkefasthet.  Den skulle strikkast på pinne 8 mm , eg brukte 7 mm og fekk den fin i str. M.    Som det ser, forlenga eg den og strikka på ein volang nederst!  Då kjem den nedpå baken og det passar "frua" best! 


2 kommentarer:

  1. Det popper opp med toppar hos deg, så flotte! Og så kjekt å sjå fine sokkar av garnet herfra😉
    Fortsatt god bedring!

    SvarSlett
  2. Lekreste plagg, nydelige topper og lekreste strømper ;o) tid til alt du Linda,..jeg fatter ikke.... Og selvsagt, fortsatt god bedring. (gikk med krykker ca 3 uker jeg, da måtte jeg prøve uten, var heldig, hovnet ikke opp)

    SvarSlett

Nr 500

 Ser man det!! Heile 500 innlegg i bloggen min!  Takk for følge og kommentarar! Nå gjer eg meg! Ikkje med å strikka og hekla -- der durer eg...