12/03/2017

Vest i bomull og " kutrekk"

Eg berre plundre videre med garn og strikkepinnar.   Og nokre av arbeida vart ikkje som tenkt!! 

Når nokre barn klør av ull, som tenkte eg å strikka vest i bomull.  Men, strikkefastheten spela meg eit stor puss i passforma.   Enda eg gjekk ned til 3,5 mm pinne, istaden for 5 som anbefalt i mønster.  Men, gøy å prøva seg fram.   Denna passer gut på 7-8 år.
                Mønster er henta frå Alt om Håndarbeid - julespesial i år.    Garnet er Paris frå Drops
       For å kneppe den vide vesten litt samen, strikka eg ein knappestolpe til to knappar.  Det blei bra i ryggen med tiltaket!!




    I eit eldre magasin (Filati)  har eg mønster på puta her.    Men,  etter kvart som eg strikka....
                ............ så vart eg meir og meir overbevist om kalv/ku.   Kutta litt på øyrer og lagde andre auger.  Garnet er forskjellig her.  Alaska/Drops (rødt)  Grått garn er Chunky alpaca wool (knit at home)
                                          Over; før toving --  under, etter toving. 1/2 t kortprogram 30 grader ilag med dongeri.   Kjem til å sy på eit filtstykke - ha åpen i nedre kant.  Borrelås eller glidelås. Då kan ein velge om pute eller sitjeunderlag.
   ca 40 x 60 cm 

1 kommentar:

  1. Hei! Det er visst lenge sidan eg har vore innom her, det var kome masse nye, flotte plagg! Fine vester, var lurt å strame inn i livet. Er enig i at puta likner ei ku, di blei finare enn bilde, ikkje så sint i blikket ;-)Og heldig er den som får den fine jakken du har strikka!
    Ha ei fortsatt god adventstid og kos deg på tur!

    SvarSlett

Nr 500

 Ser man det!! Heile 500 innlegg i bloggen min!  Takk for følge og kommentarar! Nå gjer eg meg! Ikkje med å strikka og hekla -- der durer eg...