Eg har vore på herleg ferietur til Tenerife! Gjorde utruleg godt med varme soldagar frå 25 -31 grader. Reiste ilag med eldstedotter M og yngste dotterdotter på 3 år. Heile veka flaksa til med fint vær. Regn kom siste natta før me drog tilbake til Norge.
Ein klut på flytur ned og ein klut på returen. Bomullsgarn og bambuspinne går fint ha med i handbagasjen! Montert heime.
Aftensola på hotelltaket. Mormor og Hanna
Det var så monge fine planter og palmer rundt om på hotellplassen "Parque del sol"
Hekla sjal i skyggestunder - detta skal mannen min få til Jul. Vekta er under 100 gram med lengde på 170 cm - og 13 cm bredde. Detta tok si tid med 300 m på kvar omgang. Går seint med berre fm og nokre stavar. Men, liker resultatet. Siste 4 omgongar tok eg heime no i dag.
Det skrådde heilt av seg sjølv i endane. Men, tykte berre det vart stilig! Likar han Jan det ikkje, så kan eg godt bruka skjerfet sjølv! Eg veit kor mykje arbeid det er! ha ha
Om kveldane kom da julabelysning på alle stadar. Det var eit syn å sjå på kveldsshopping!
Marked fekk me og med oss! Utruleg kva som kunne kjøpast her!
Dokka vart hekla på frihand og montert når eg kom heim. Har tjukk streng i kroppen, slik at armar og føter kan bøyast.
Det største kjøpesenteret i Fanabe hadde den flottaste pynten.
To puter i Alaska (Drops) vart strikka før eg drog. Og nissen med hjarta. Han var det mønster på i Allers ideer 2017 God Jul til dåke alle! Vart nok ikkje fleire blogg før på nyåret!

Kjekt å sjå bilder fra turen, det er nesten så eg lengter ned att!
SvarSlettStrikkepinnane har ikkje hatt ferie, ser eg. Masse fint du har laga.
Ei velsigna jul til deg og!