1/01/2018

Pynta på gamalt sjal og diverse anna

Godt Nyttår alle som følger!      Lurte litt på å slutte med gamaldags blogging i år - men, som eg har nevnt før;  da er jo kjekt å sjå tilbake for eigen del.  Alt eg strikker og hekler (og kansje syr)  Noko eg skal slutta med er å ha spareopplegg for kva eg strikkar ut.  Det har halde seg stabilt på om lag 320 nøster i året.    Gonge den sum med 10 (kr pr nøsta) - så vart det ein del lommepenger til sydenturen i desember.  No er det ikkje så mykje garn på lager.  Så viss eg skal strikka nokre større prosjekt, må eg spe på litt.    

                              Gjestetøvler strikka og tova for julegjestar
ein hals i restar

Sjal i garn fra Pickles (mørkt raudt) og gråe restar av alpaca.  Mønster ifra Filati hefte.  Gøy å strikka ifrå midten, øverst.  Kunne ønska meg sjalet 10 cn lengre ned i spissen,  men.... garnet strakk ikkje til. 

Strandtur i romjula.   Barnebarn, Ian på 4,5 år ønska seg rosa glassmanet.  Det vart det sista eg laga før nyttår! 


Strikka eit lett sjal i Air, før Jul og monterte som bakstykke på eit sjal eg har hatt liggande.  Det klødde og vart lite brukt. No er det blitt pynta på med hekla border og stikning rundt augestikkarane.    Nå kan vår og kjølige sumarnetter berre koma.  Er jo blitt så avhengig av noko lunt på nakke/skulderparti. 


1 kommentar:

  1. Det er kjekt å sjå alt du lager, så håper du ikkje slutter med bloggen! Det er veldig greit med ei "strikkedagbok" der me noterer det viktigste om arbeida våre.
    Det var masse fint å sjå denne gangen og, veldig lurt å fora sjalet! Du er ein kløppar med lure løysingar, flott!
    Rektig godt og kreativt nytt år!

    SvarSlett

Nr 500

 Ser man det!! Heile 500 innlegg i bloggen min!  Takk for følge og kommentarar! Nå gjer eg meg! Ikkje med å strikka og hekla -- der durer eg...