2/12/2018

babytøfler og pinnsvinvotter

Hekla er kjekt!  Føler det går så fort, viss eg ikkje stoppe opp for garn då.......

 Byrja med eit par i Dale babyull, for så i alpakka.  Begger er lys lilla og etter oppskrift frå Drops. Kjekt å ha noko på lur når me blir grandtante og onkel til våren.
Så fant eg ei engelsk heklebok i skapet, og der var desse fine " booties".  Dei ser ut som dei kan sitja godt på ein liten fot?! 
Lyse blå er i alpakka-garn,
medan dei turkise er dobbel babyull.  Skaftet er nokre restar.  Her stoppa det opp litt, men fant noko eg kunne bruka.


 Hekleteknikk frå booties, fann eg ut kunne nyttast i vottar og!   Så då har eg tutla til nokre pinnsvinvottar i Nepalgarn og fuksepels "Kasai".  Trur desse kan passa 4-5 år, men ikkje sikker.  Har ikkje oppskrift.  Funne ideen på pinterest.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Nr 500

 Ser man det!! Heile 500 innlegg i bloggen min!  Takk for følge og kommentarar! Nå gjer eg meg! Ikkje med å strikka og hekla -- der durer eg...