2/16/2018

Kyllingmatte, panneband og lue

"you name it" --  idear popper opp alle stad.  Noko freistar meir å strikka/hekla enn andre!!

 Snart Påske-  tida flyr som kyllingar på lette føter- he he.    Sitjematta er strikka etter oppskrift frå Gjestdal.    Brukt Nepal og noko finull frå Hillesvåg spinneri.   Oransje garn er fritidsgarn.
                       Trilla matta samen og slå beina rundt - enkelt å pakke med slik!
 Eg har fått med meg denna varianten av fletta band.   Eg la opp 24 masker, på pinnemål 4 mm.  Strikka 20 cm, delte maskene på 3 (- altså 8 m)  Strikka tre remser - på kvar,- a 14 cm.  Lot dei ferdige vente på maskehaldar/tråd.  Fletta dei lett og samla saman til 24 m att - og strikka nye 20 cm. 
                         OL -tider, her må ein gå for litt nasjonalisme!
Mønster frå Hjemmet 52/10   --  er endeleg kome ut av permen.    Måtte finna alternativ garn til heklekrok 7 mm -- då "easy" er gått ut .... (trur eg då)  Eg hadde Alaska, Karisma, Flora og Nepal for hand.   Dobla desse som passa best i fargar med kvarandre.   Lua fekk allikavell fin passform.  Kven som verte eigar, har ingen plan -- må berre lage noko eg.    God helg! 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Nr 500

 Ser man det!! Heile 500 innlegg i bloggen min!  Takk for følge og kommentarar! Nå gjer eg meg! Ikkje med å strikka og hekla -- der durer eg...