2/24/2018

Nokre pulsvanter

I boka til Wiola Ødegård; Lek med tradisjoner, er det mønster på desse nydelige pulsvantane med roser.   
 ... veit ikkje om eg vil forstørra opp foto, for eg broderte ikkje rosene på - men, strikka dei inn (att og fram)   Det blei klumpete og ikkje så bra!  Men, varme og greie nok til meg sjølv !
 Så kom eg på å hekla pulsvanter og broderte då med krossting.   Det vart mykje enklare.  Men, som det ser så vart det ikkje heilt lik rose på.   Skal nok ta litt meir farge på den eine der.
                                      Lyseblå pulsvanter har fått litt paljetter og perler.
Eg er avhengig av pulsvanter, og trong eit par mørkeblå.  Dei er hekla rundt med halvstavar i bakre ledd.  For å få eit elastisk opplegg, har eg byrja med ei rad picotar.  Hadde 15 av desse, før eg tok samen til ein ring. (ei luftm. mellom kvar picot).   Hekler så opp 31-32 fm i ringen, før eg byrjar med halvstavane.    Avslutter og med picotar.  Då tar eg nedtak bak i annakvar halvstav frå forrige rad.    Desse treng ein ikkje auke så mykje på.  Kansje eit par masker kvar 3. cm.  Eg måler på handa undervegs.
 Ynskjer god helg og takkar samtidig for fin respons! 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Nr 500

 Ser man det!! Heile 500 innlegg i bloggen min!  Takk for følge og kommentarar! Nå gjer eg meg! Ikkje med å strikka og hekla -- der durer eg...